Juleverksted

I forrige veka var me ca 25 damer samla til julaverksted på Fister. Knall kjekt at så mange var med. Nokre satt i sofaen og skravla, mens nokre laga forskjellige småtre av tuija, gran, bjørk og eføy.




Ei veka før var eg på Helgøy for å hjelpa med litt forberedelsar. Det var nok ikkje frykteleg mykje hjelp i meg ettersom den eine tingen eg skulle ha med låg igjen i bilen på andre sida av fjorden. JAA TIL BRU TIL HELGØY!! Men dei har det på Helgøy, så det ordna seg og me fekk støypt fot til julatreet og laga eit tre.


Alle hadde med seg ein pose med det dei ville laga tre av. Eg laga av bjørk, som tok litt lengre tid enn av grønt ettersom det er litt meir dekkande. Artig å sjå sluttresultatet. Det blei mange forskjellige tre, men fine blei dei alle. Og ekstra fint med ei lyslenke på. Planen er å ha det på trappa, men lot var i ta det ut pga stormen. Då hadde eg nok ikkje hatt tre lenger ;-)



Foten er rundpinne som ein får på metervare på trelasten. Me støypte betong i plast blomsterpotter. Hønsanetting forma me som ei kjegle og festa til foten. Så er det berre å setta i gong med å dekka den. Begynn nedst og fest med vikletråd. Me som laga bjørk laga først små buntar som me til slutt festa på i staden for å festa ei og ei kvist.


Veldig enkelt, kjapt gjort og så dekorativt!




Featured Posts
Posts Are Coming Soon
Stay tuned...
Recent Posts
Archive
Search By Tags
No tags yet.
Follow Us
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square