1.desember og juledekka bord

Så var det 1.desember. Mange forventingsfulle ungar rundt omkring i dag. Mine var strålande fornøyd med Sanitets- og Strand musikkorpskalender. Så det hadde kanskje vore nok, men så syns jo eg det er veldig kjekt å laga pakkekalender. Eg er berre litt seint ute i år. Dei kjem i posten i dag. Også gjer eg det enkelt og hive alle tre sine i ein felles pakkepose. For 72 pakkar er uaktuelt å pakka inn. Iallefall dette året. Jada, minstemann på halvanna år får og. Han blir nok fornøyd med å få lekedyr kvar dag. Så pakkekalender får eg visa ein anna dag.

Når eg dekke bord likar eg å gjer litt ekstra utav det. Spesielt i desember. Det varierer frå gong til gong kvifor nokre farger og pynt eg brukar, men eg tar somregel det eg har. I år er det grønt. Som jo passar veldig godt i vårt ellers veldig grønne heim. Sviblar høyrer med. Papirjuletre. Desse er kjøpte, men dei er jo veldig enkle å laga sjølv. Eg falt pladask for eit servise fra Rörstrand som hadde eit nydeleg jule-motiv. I tillegg kunne det miksas med grønne asjetter og koppar. Eg kunne sjølvsagt ikkje kjøpa det ettersom eg jo eigentleg ikkje treng det, men då måtte eg iallefall ha serviettane med same motiv. Var ikkje dei koselege? Perfekt blanding av rødt og grønt.

Eg syns det er så koseleg hjå andre som pyntar med rødt til jula, men får det ikkje heilt til sjølv. Noko rødt blir det, men nokså beskjedent i grunn. Men julete er det. Eg likar å pynte med gran i forskjellige størrelsar og lyslenker og pynt laga av ungane. Og Frida på snart 6år er veldig glad i laga ting og nå går det i julapynt. Hu klypper, limer, glitrer og teikner. Lurer på kor hu har det frå? ;-) Her er noen bilder fra juledekka bord for foreningsjenter.


Ein julepynta kaktus.

Ynskjer dykk alle ei fin førjulstid ♥


Featured Posts
Posts Are Coming Soon
Stay tuned...
Recent Posts
Archive
Search By Tags
No tags yet.
Follow Us
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square