Litt om meg, mitt og mine!

Eg heiter Hilde Hauge, er 34 år og bur på Fister i Ryfylke. Her bur eg saman med mannen min, Joar, og borna våre, Jonah, Frida og Lyder. Me deler også tomt med ein flokk kyr, kviger og kalvar, 7500 frittgåande høner, katten Nala, og hunden Ylva.

 

Som utdanna interiørkonsulent har eg sidan 2005 jobba med interiør. Dei første åra var eg kjøkkenkonsulent for Sigdal og Strai Norform.

Seinare jobba eg i Enkel bygg og butikk, der eg mellom anna fekk god kjennskap til ulike malingstypar og deira bruksområde.

Eg var og Enkel bygg og butikk sin interiørkonsulent og fekk ta del i fleire interessante byggeprosjekt der eg møblerte hytter og hus i samband med fotografering og visning.

 

Eg er ein kreativ person som likar å ha fleire prosjekt på gang. Fritida brukar eg gjerne til å fornye gamle møblar, fotografere smått og stort og pusle med "gjer det sjølv"-prosjekt som blir til alt frå TV-benk til lampar. Ikkje minst brukar eg mykje av tida mi til å halde meg oppdatert på ulike interiørtrendar. På internett og i ulike temamagasin finn eg inspirasjon til prosjekta mine.

Vår heim

Kopirett Feien og Fjong 2019 hilde@feienogfjong.no

  • Facebook Black Round
  • Instagram Black Round