tirsdag 15. oktober 2013

DIY - "Happy light" i regnbuens fargar

Eg er i siget. Neida, nå skal eg ikkje bli for kjepphøg her.
Plutseleg er det 6 mnd til neste innlegg igjen.

 
Puter frå Plonka på Epla og Ellos.
 
Dette er og ein ting eg har tenkt på å laga i lengre tider. Fekk endeleg laga den i sommar. Og til deg som er usikker på om det er så lett som det ser ut og om garnet stivner nok av limen - svaret er JA. Eg var skeptisk til det, men fekk råd og bekreftelse underveis på Instagram.
 
Dette treng du:
Garn i ønska farger. Eg har valgt regnbuens fargar og litt til.
Ballongar
Tapetlim
Ein fin hyssing
 
Framgangsmåte:
Start med å blåsa ballongane opp i ønska størrelser. Kanskje vil du ha alle lika små, eller varierande størrelsar. Eller kanskje ein stor lampe?
Surr garn rundt ballongane slik at det blir jevnt og fint. Deretter maler du eventuelt badar dei i tapetlim. Eg hadde ganske mykje på. Litt overflødig. Så lot eg dei ligga å tørka på ein varm plass på ein plastpose (ikkje lurt med papir vil eg tru). Dei trong lang tid på å tørka så eg snudde litt på dei ettersom det som vender oppover tørkar fortare enn det som ligg rett på posen. Vær tålmodig og la dei stivna heilt. Når alt er heilt tørka kan du stikka hull på ballongen og dra/lirka den ut. Ta så hyssingen å knyt på ballane med den avstanden du vil ha mellom dei. Eg har ikkje lys i dei då eg synes dei er dekorative i seg sjølv, men det går sjølvsagt og an. Sørg då for å lag lika mange ballar som det er lys.


 
 
Denne heng oppe på loftstova der ungane har sin tomleplass. Ettersom eg elskar fargar synes eg det er deilig å ha ein etasje der eg kan leika meg med alle slags fargar på møbler og ting - og etter planen snart vegger. Mens nede i hovudetasjen er det nokså klassisk og relativt lite fargar.
 
 
Denne "Happy lighten" er bidraget mitt i Boligpluss-utfordringen som denne månaden er DIY/Gjør det selv.
Gå inn å stem på ditt favoritt bidrag.
 
post signature
 

tirsdag 8. oktober 2013

NIBs oktober utfordring - Ildsted

 

NIBs oktober utfordring var denne gong ildsted. Eg har ikkje deltatt si vinter/vår og tenkte at NÅ må eg komma i gong igjen her. 6 mnd si forrige innlegg blei det nesten, viss eg ikkje tell med det eg hadde i juni. Det kan jo knapt reknast som eit innlegg. Nokon som har sakna meg?! Håpar då det ☺
Skal prøva å ta meg i saman og ha innlegg litt oftare enn kvar 6.mnd. Det bør vel eigentleg ikkje bli så vanskeleg.
 
 
 
 
Over til bidraget. Då eg såg utfordringa, måtte eg hiva meg rundt å få gjort ferdig det eg har tenkt på i lengre tider. Eg har hatt eit Pure & Original kalkmaling spann ståande i 2-3 år nå. Aner ikkje kva farge det er. Kanskje du ser kva det?? Elephant skin?
Det gjorde seg iallfall veldig å bryta av den långe, kvite veggen.
 

 
 
Ylva likar seg ved ovnen. Det er dette som er plassen når hu er inne.
 
(Ja, eg måtte juksa litt i går og legga inn eit kjapt innlegg for så å retta det i dag. Når eg endeleg hadde tatt bilete å tenkt å bidra etter 6 mnd pause frå blogg måtte eg jo få det til - om det så blei litt juks. Håpar eg er tilgitt...)
 
 
post signature
 

tirsdag 9. juli 2013

And the winner is..

 
To månadar etter at "fristen"  gjekk ut er det kanskje på tide å trekka ein vinnar syns du?
Faktisk så trakk eg først ein vinnar, men hu meldte seg aldri. Og ettersom eg hadde kasta/rota vekk lista mi over deltakere og måtte skriva opp alle lodda på ny, drøyde og drøyde og drøyde eg det.
Heilt til i dag ☺
For å komma til poenget.
Vinnaren er... Trommevirvel....
 
 
 
 
 
 
Veronica med bloggen i Vinduskarmen
 
Gratulera!
Send meg adressa di så skal eg få sendt avgårde premien.
Premien er sponsa av Strai Kjøkken og Bad.
Lik gjerne Strai på facebook her.
 
Eg har planar om å komma sterkare tilbake nå. Skal kanskje ikkje så mykje til. Mulig du ikkje treng å venta deg hyppige innlegg med det første, men eit i ny og ne skal eg få til.
Ellers må eg jo sei at det er veeldig motiverande at nye innlegg blir etterlyst. Fortsett med det så skal eg nok bli flinkare skal du sjå ☺
 
Ha ein fin dag - det skal i alle fall eg som skal i forening i lag med fine Fister frøkner ♥
 
 
post signature

onsdag 24. april 2013

Behind the scenes


Ungane er som regel veldig vandt med at eg dillar og dandere og knipsar bilete. Som regel er det ikkje så spanande det eg held på med, men dei kjem bortom å kommenterar og fartar vidare.
"Ååå, det var fiiint." er ofta kommentaren. Ja, heilt sant.
Kanskje ikkje bare såg det fint ut denne gong?!
Dei fekk det iallefall veldig morosamt når eg var ferdig å knipsa.
 


 
 


 
 
Men faktisk så ville dei ikkje ha.
Men det ville mor.. Mmmm.


post signature

mandag 22. april 2013

Oppskrift: Sjokolade marquise med pasjonsfruktsaus

 
 
Forrige veke hadde eg forening. Og det er koseleg som alltid. 
I mangel på fantasi og ettersom det var lenge sidan sist eg serverte denne desserten igjen.
Ein kald, søt og sur dessert. Perfekt for denne årstida me nærmar oss nå.
Om du ikkje syns det ser så innbydande ut. Prøv likavel.


 
 
Sjokolade Marquise med pasjonsfruktsaus
 
250 gr mørk sjokolade (gjerna 70%)
175 gr usalta smør (eg likar best med salt)
100 gr melis
5 eggeplommer
5 eggekviter
 
Smelt smør og sjokolade i vannbad. Bland melis med eggeplommene. Stivpisk eggekviten. Vend eggeplommeblandinga inn i sjokoladen med ein slikkepott. Vend inn eggekviten.
Hell i form, 24 cm, og frys 2-3 timar.
 
250 gr kvit sjokolade
1 dl H-melk
65 gr usalta smør
1 stk halv eggeplomme
 
Del sjokoladen i små bitar. Varm opp melk og smør og hell over den kvite sjokoladen. Rør inn eggeplomma, visp for hånd. Fryses over den mørke sjokoladen.
 
Tas ut av frysa 15 min før servering. Den kvite sjokoladen smeltar veldig fort.
Siste gong nå laga eg eit par i form, det er kanskje vel så fint og enkelt. Eg fekk den nemleg ikkje så fin denne gong då det smelta så veldig fort.
 
Pasjonsfruktsaus
 
Til ein person reknar du ca 1/2 - 1 pasjonsfrukt. Ta ut innholdet og kok det lett opp i lag med litt appelsinjuice (har eg ikkje juice, brukar eg berre vatn). Avkjøl og servèr.
Det går òg fint an å servèra den som den er.
Pasjonsfrukt er perfekt attåt denne søte desserten.
Surt og søtt. Mmm...

post signature

mandag 15. april 2013

Fargekodar og svar på spørsmål


Eg får ein del spørsmål om fargekodar etter reportasjane i Boligpluss og Boligdrøm, bilder på instagram og her på bloggen.
Her har eg derfor samla dei viktigaste.




Fargekoden på skapet er 2510-B70G
Krakken er S0520-Y70R




Fargen på lysestaken er S1040-Y85R




På den eine veggen i stova har eg Valmuefrø, S4502-Y.
Ein veldig lun og fin gråfarge som eg er veldig fornøyd med.
At det er ein liten dæsj (2%) gult i, gjer at den ikkje blir blålig.




Tallerkenhylla og dukkesenga på Frida sitt rom er malt i S0580-Y10R





Fekk og spørsmål om denne puta her om dagen. Eg har svart deg på kommentaren din, men svarer deg her  og. Puta er frå Kremmerhuset. Kjøpt for ca 4 år sidan.




Veggklisteret med teksten frå Hellbillies song "Den finast eg veit" er bestilt frå Happylines

post signature